<$BlogRSDUrl$>

16.1.09

Kåringar III 

Dag og Tid:
Lesarane ville ha Samtidsruinar
Tre kvinner toppa lesarlista for Årets nynorskbok 2008.

Røystinga er avslutta, og vinnaren er klar: Samtidsruinar av Marit Eikemo er Årets nynorskbok!

Dag og Tid nominerte ti bøker, og inviterte samstundes lesarane til å sjølve kome med forslag til andre nominasjonar – og avisa blei kraftig irettesett av ein stor og entusiastisk lesarskare som meinte at Inger Bråtveits roman Siss og Unn burde vere ein opplagt kandidat. Så mange var dei at Siss og Unn hamna på andreplassen bak Eikemo! Me gratulerer Inger Bråtveit.

Gunnhild Øyehaugs kritikar- og lesarrosa roman Vente, blinke plukka bronsemedaljen.
Eikemos essaysamling kom like­vel eit godt hestehovud framfor dei to skjønnlitterære bøkene, med 26 prosent av alle røystene. Elles kom både Gaute Losnegårds Norsk rutebilhistorie og Elias Blix-biograf Anders Aschims Ein betre vår ein gong høgt opp på lista, så å påstå at 2008 var eit godt år for sakprosaen, er ikkje å ta spesielt hardt i.
Det var gildt, Samtidsruinar er ei god og original og tankevekkjande bok. Og så blir det jo på ein måte i sakprosafamilien. Til mi store glede ser eg at bibelomsetjarkollega Inger Bråtveit er inne i varmen, det må vere etter ein grasrotaksjon i klasse med den som i si tid gjorde Sigurd Osberg til biskop. Påstanden om at nynorsk litteratur er ei mannfolkgreie, bør med dette vere død og gravlagd. Men eg meiner framleis at Paal-Helge Haugens Kvartett var den viktigaste nynorskutgjevinga i fjor, og at lyrikarar får altfor lite medieoffentleg sol på seg.

Takk til alle som har røysta på mitt opus, forresten. Det må jo ha vore ein og annan. Dette er òg ei form for lesarrespons, det set eg pris på.
# lagt inn 16.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?