<$BlogRSDUrl$>

23.1.09

Min salme II 

Som nemnt sist veke, i dag var det min tur til å velje "Min salme" i Vårt Land. Litt pompøs overskrift, kanskje, "Skal synges i min begravelse", men eg har jo faktisk sagt det, både til mine nærmaste, her på bloggen og i intervjuet. Her er salmen i originalutgåva, i Vårt Land finn du versjonen frå Norsk Salmebok.

Dagsens Auga sloknar ut.
Kveldsol ned i Vester glader.
Skuggen stig fraa Dal til Nut.
Myrkret sigrar alle Stader.
Jesus, Hjartans Sol og Skatt,
Jesus, ver mitt Ljos i Natt!

Kvar ei Kveldstund, naar eg fer
Etter Dagsens Strid til Kvila,
Ver meg med din Naade nær,
Lat di Aasyn til meg smila!
Lat du mildt mitt Auga att,
Jesus, ver mitt Ljos i Natt!

Lys du yver meg din Fred,
Jesus, ver mi Sol og Stjerna!
Livssol, som gjeng aldri ned,
Meg mot Myrkers Hugskot verna!
Stjerna, yver Huset statt,
Jesus, ver mitt Ljos i Natt!

Naar mi Livssol sig i Hav,
Og eg under Mold skal sova,
Lys meg daa igjenom Grav!
So eg skal i Ljos deg lova.
Du, som Myrkers Magter batt,
Jesus, lys i Daudens Natt!


Eg har sendt stafetten vidare til ein god bibelomsetjarkollega, lyrikaren og filmskaparen Odveig Klyve.
# lagt inn 23.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?