<$BlogRSDUrl$>

27.2.09

Refusert 1: Veiden 

Ein idé til Pål Veiden
Eg trur ikkje at sosiologar flest er historielause, men det er synd Pål Veiden er det. Sluttavsnittet i meldinga hans av den idehistoriske boka ”Tidslinjer” (Morgenbladet 13. februar) begynner slik: ”Bare synd at det ender så dårlig; med oppslagsordet Aasen, Ivar. Her heter det at Aasen før sin død får oppleve at Stortinget likestiller hans skriftspråk med riksmålet. Sprø ideer kan ha stor innflytelse, dessverre.”

Referansen er det såkalla ”jamstellingsvedtaket” av 12. mai 1885: ”Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.”

Aasen, Ivar var ikkje den einaste sprø fyren som gledde seg over dette vedtaket. Det gjorde òg ein husmannsson frå landsbygda som heitte Knudsen, Knud. Stortingsdebatten kan nemleg lesast slik at vedtaket inkluderte fleire former av ”det norske Folkemaal ... uden Hensyn til, om den kaldes efter Knudsen eller efter Aasen.” For å gjere ei lang historie kort: Sluttprodukta av Aasens og Knudsens språklege reformprogram fekk etter kvart namna ”nynorsk” og ”bokmål”. Det siste er altså noko anna enn det ”almindelige Skrift- og Bogsprog” som jamstellingsvedtaket omtalar; dette er identisk med det språket vedtaket sjølv er utforma på: pære dansk.

Til liks med Aasen møtte Knudsen kraftig motbør. Det var ikkje alle som trudde på ei språkform ”som fyrst er samansett av Dansk og Tydsk og so verdt utmengt med ein Helming Norskt.” Som Veiden treffande seier, ”sprø ideer kan ha stor innflytelse”.

Sjølvsagt er den norske språksituasjonen både upraktisk og uøkonomisk. Pål Veiden skal få ein idé av meg: Det måtte gå an å forhandle fram ei felles språknorm, ein kunne til dømes kalle den ”samnorsk”, til å avløyse bokmål og nynorsk. Kan ikkje Veiden stille seg i spissen for ei slik rørsle, så kan vi bli ferdige med desse sprø ideane ein gong for alle?

Anders Aschim, Ytre Enebakk
(sendt Morgenbladet)
# lagt inn 27.2.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?