<$BlogRSDUrl$>

16.3.09

Religion og politikk 

I bladet Møre (14.03.2009, papirutgåva) har signaturen P.H. førehandsomtale av eit kyrkjeakademiarrangement i Aasen-tunet torsdag 19. mars. Under overskrifta "Religion og politikk" skriv han mellom anna:
Oppropet [Til Christendommens Venner i vort Land] var underskrive av alle biskopane og over sytti andre geistlege saman med mange framståande leke kristenleiarar. Utspelet vekte harme i vide krinsar, og ikkje minst mellom kyrkjefolk som var engasjerte på venstresida. Året etter vart parlamentarismen innført. Då vart det openbert korleis oppropet hadde misbrukt kristendomen i politisk ærend, og Johan Sverdrup sette saman ei regjering som korkje kunne kallast gudlaus eller revolusjonær. Mellom dei fyrste Venstre-statsrådane var teologane Elias Blix frå Gildeskål og Jakob Sverdrup frå Sogndal.
Sunnmøringane får møte litt av eit panel:
Dei tidlegare statsrådane Helen Bjørnøy (SV) og Valgerd Svarstad Haugland (KrF) held innleiingar om kristendom og politikk. I tillegg stiller Ørsta-ordføraren Gudny Fagerhol (Ap) og tidlegare stortingsrepresentant Jørgen Holte (Sp) til eit diskusjonspanel. Bygdefolket får også høve til å stille spørsmål og lufte meiningar om kva som bør vere dei grunnleggjande sakene fram mot valet til hausten.
Tek eg ikkje mykje feil, løyner signaturen P.H. ein god kollega som har god greie på nynorsk kyrkjeleg skriftkultur.
# lagt inn 16.3.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?