<$BlogRSDUrl$>

18.4.09

Blix i Bjørgvin 

Torsdag 23. april er eg i Bergen. I løpet av dagen skal eg snakke om Blix og om Bibelen på tre ulike arrangement. Eg har nett sendt frå meg eit støtteark til utdeling for føredraget "I Edens sæle Sumar. Blix-salmens litterære landskap". Det skal eg halde i kyrkjelydslokala til Mariakyrkja torsdag kl. 19.45. Før den tid er det kveldsbøn, vesper, i Mariakyrkja kl. 19.00. Arrangør er FBB Bjørgvin. For Bibel og Bekjennelse må reknast mellom dei meir konservative institusjonane i det lutherske kyrkjelandskapet her til lands, men til ein liberalar som Blix har dei plass. Vel, teologisk var han no berre måteleg liberal.

Før den tid skal eg til Norsk Lærerakademi, først til den vitskaplege høgskolen i Sandviken for å seie noko om Blix og biografi klokka 12, deretter til lærarhøgskolen på Breistein klokka 14 for å seie noko om ny bibelomsetjing. Temaet er "Fra begynnelsen igjen. Å oversette Bibelen på nytt".
# lagt inn 18.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?