<$BlogRSDUrl$>

12.4.09

Dagens Blix 

Paaskesalm

(Tone: Jesu, dine dybe Vunder).

Er her nokon, som vil høyra
Største Under kjent paa Jord,
Kom daa hit og laan ditt Øyra
Til det sæle Englaord:
"Jesus Kristus er ei her,
Han or Grav uppstaden er!
Kvi vil de i Gravom aude
Søkja Livet millom Daude"?

Ja det er eit Himlens Under
Utan Like under Sol.
Verdi laag i djupast Blunder,
Jordi var eit Daudebol:
Sjaa, daa rann or Livsens Os
Ut ein Straum av Liv og Ljos.
Daudens Engel Sverdet vender,
Daa Guds Son av Daude stander [SIC].

Var vaar Frelsar ei uppstaden,
Tom og faafengd Trui var;
Syndesaaret, Hjartaskaden
Utan Helsevon me bar;
Jesu Namn og Kristendom
Var som Gravi aud og tom,
Utan Fred og utan Sæla;
Utan Von me maatte fæla.

Lat oss fylgja Magdalena!
Tidla ho ved Gravi stend.
Tru til Enden vil ho tena
Frelsaren i Dauden enn.
Saart ho ser i Gravi inn,
Taaredoggat Augat skin,
Saart av Saknad Hjartat brenner;
Daa ho honom ser og kjenner.

Alle Mann, som vilja vakna,
Kom og fylg til Jesu Grav!
Alle Mann, som Livet sakna,
Kom og drikk or Livsens Hav!
Kom kvar Syndar, som kann tru!
Og med Fred du heim skal snu.
Her er Veg til Livet funnen,
Her kann Dauden yvervunnen.

Var vaar Frelsar ei uppstaden,
Tom og faafengd Trui var:
Syndasaaret, Hjartaskaden
Utan Helsevon me bar,
Jesu Namn og Kristendom
Var som Gravi aud og tom,
Utav [SIC; skal vera "Utan"] Fred og utan Sæla;
Utan Von me maatte fæla.

Men no vardt han Fyrstegrøda
Utav deim, som sovnad av:
No skal me i Herrens Løda
Eingong samlast or vaar Grav.
No hev Dauden mist sin Brodd,
Helvite sin Eiter-Odd;
No er Dauden gløypt til Siger,
Livet fram or Gravi stiger.

IX.

Den Norske Folkeskole 03.04.1869
Transkripsjon: Anders Aschim, BlixBlog

Denne førsteutgåva har eg visst ikkje publisert på bloggen før. Den er temmeleg ulik dei seinare utgåvene. Merk det fiffige merket "IX".

God påske til alle lesarar av BlixBlog!

Seinare utgåver
# lagt inn 12.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?