<$BlogRSDUrl$>

30.4.09

Fast Grunn 

BlixBlog ligg noko på etterskot når det gjeld tidsskriftdebatt (jfr. Kirke og Kultur), men no har eg endeleg blade meg gjennom Fast Grunn nr. 2 for i år og funne ei vurdering av "Salmebokframlegget" ved Siri og Arve Brunvoll. Siri er kantor, Arve er teolog og ein fin salmediktar og -gjendiktar (det er han som har gjendikta NoS 479 "Deg å få skode", for berre å ta eitt svært omtykt døme). Eg vel å sitere slutten av stykket deira:
Salmer vi kanskje misser
Vi skal ikkje drøfte framlegget om vidareføring og stryking av salmar frå NoS og S97, berre seie at det kunne vorte ei fullnøyande salmebok av det som ein vil stryke, og at mange av salmane jamt har vore på våre salmesetlar. Kva slags kjennskap har komiteen hatt til kyrkjegeografien? Mangt av det som går ut, står høgt over mangt av det som kjem inn. For å ta eit døme: Det er utruleg at så mange av dei klassiske og stadig brukte og umissande Blix-salmane som [SIC] skal ut, tilmed "Sjå, han gjeng inn til syndig mann", med Jakob Slettens vakraste melodi. Vi skal ikkje lenger få syngje:

Takk då, min Frelsar, at du kom
og ville inn til meg stiga,
og i mitt mørke hjarterom
lata ein solstråle siga.
Her er mykje anna å tenkje over òg i denne sympatiske, men likevel sterkt kritiske lesinga av salmebokframlegget.

Eg hadde gleda av å ha ekteparet Brunvoll og Stig Wernø Holter (Griegakademiet, leiar for Norsk Hymnologisk Forening) som tilhøyrarar til føredraget mitt i Bergen torsdagskvelden for ei veke sidan. Dei tok òg del i samtalen, den blei veldig interessant. Dessutan var Nils Aksel Mjøs innom ei stund, så den hymnologiske ekspertisen i riket var godt representert.

Ein ting uroar meg: Eg har møtt mange ulike forsamlingar for å snakke om salmar. Eg finn ingen, eg tekk opp att: Ingen, entusiasme for det nye salmebokframlegget.
# lagt inn 30.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?