<$BlogRSDUrl$>

19.4.09

Kirke og Kultur 

Det er sjeldan eg kjøper tidsskrifthefte i laussal, men i går hadde eg litt god tid nær ein kiosk der dei faktisk hadde første heftet av gode, gamle "Kirke og Kultur" for i år (nei, eg er ikkje abonnent).

Mykje salmestoff i dette nummeret. Svært interessant for alle salmebokinteresserte er Trond Skard Dokkas gjennomgang av det nye salmebokforslaget under overskrifta "Den imøtekommende salme. Salmetradisjon i krise". På denne plasen må eg jo sitere følgjande avsnitt:
Det er først og fremst den norske salmediktnings store gullalder, fra midten av 1800-tallet til den første etterkrigstid, som kommer dårlig ut. Selv om Landstad, Wexels og Jensen er store taperre, går dette hardest ut over nynorskdikterne. Her mister mange salmediktere halvparten eller mer av sine tekster, så Barstad, Bjerkreim, Hovden, Skard og Støylen. Blix kommer relativt bedre fra det, og taper bare 22 av 51 tekster. Flere av disse forfatterne sto sentralt i Nynorsk Salmebok, og en kan vel si at FS representerer denne stolte tradisjonens definitive nederlag. FS har da også en klart lavere nynorskandel enn forutsatt.
Det er sterkt urettferdig mot Dokka å velje ut berre dette sitatet, det VERKELEG interessante er analysen av dei nye salmane i forslaget. Les, tenk og send respons til Kyrkjerådet!

Ein annan frisk artikkel er Rolv Nøtvik Jakobsens "Vorherre, stå mig honningbi", om den danske salmediktaren Simon Grotrian og hans høgst nyskapande salmespråk.

Men framfor alt skal bladet ha honnør for å ha utfordra norske diktarar til å skrive nye salmetekstar, fleire av dei har alt fått nye salmetonar. Her er gode tekstar av diktarar eg set stor pris på, som "Nattsalme" av Jon Fosse og "Ein gong kjem det ein morgon" av Odveig Klyve (begge kollegaer i bibelomsetjingsarbeidet), og to "salmeforslag" av Wera Sæther (ein skrivelærar eg set høgt). Men eg vel å sitere Sissel Solbjørg Bjugns "Bøn til Gud Fader". Etter vaskesetelen plasserer diktaren seg sjølv "ein stad mellom Dorothe Engelbrektsdatter og Kate Bush". Ei avhandling om førstnemnde har tittelen "Feminin barokk", kanskje er det ein høveleg karakteristikk også av dette teologiske korrektivet til det mannlege blikket:
BØN TIL GUD FADER

Å, du som viser lønnsam veg i ei diktinnes miner
[fotnote: "Miner" viser her til gruver, Job 28,1-5]
gi mødrer fred på begge sider av dei skrå gardiner.

Gi mødrer fred på begge sider av dei skrå gardiner
å, du som aldri tenker i brunetter og blondiner. Amen.
# lagt inn 19.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?