<$BlogRSDUrl$>

23.4.09

Retorikk 

Eg er innom Bergen Bibliotek og har ei roleg stund mellom slaga. Tre føredrag om tre ulike emne på tre ulike plassar i byen i løpet av éin dag. Det er lenge sidan eg har følt meg så effektiv. Hyggeleg vertskap, Vigdis Berland Øystese og Gunnar Johnstad ved Norsk Lærerakademi. Det er menneske det er godt å treffe. Blix-føredraget mitt i formiddag er eg middels nøgd med, innlegget om bibelomsetjing i ettermiddag gjekk slett ikkje så verst, men størst ambisjonar har eg for føredraget i kveld, "I Edens sæle Sumar. Blix-salmens litterære landskap". Her har eg tenkt å kartleggje grundig det eg meiner er den viktigaste tekst-staden i Blix-salmane sin topografi. Om nokon kjenner att Øyvind Andersens "I retorikkens hage" bak stammespråket eg nyttar, brenn tampen. Eg vil leggje ein retorisk synsvinkel på analysen. Da er "retorikk" vel å merke ikkje nytta i den vulgære og daglegspråklege meininga "berre retorikk" (som motsetnad til handling eller sanning eller kva det no kan vere), men om slike tekstlege strategiar alle språkbrukarar, og eg meiner alle, nyttar for å få fram ein bodskap.

Du kan framleis nå føredraget om du er nær Bergen. Kl. 19.45 i Mariakirkens kyrkjelydslokale på Dreggsalmenningen.
# lagt inn 23.4.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?