<$BlogRSDUrl$>

11.5.09

Forskingsoppgåver 

Eg har visst ikkje rapportert frå sist onsdags møte i Norsk forum for bibeloversettelse. Det blei ein gild kveld. Mellom dei femten eller vel så det frammøtte var det garva bibelomsetjarar (med røynsle frå to generasjonar norsk bibelomsetjing og frå Papua Ny-Guinea), framifrå filologar og teologar (inkludert ein språkdirektør og ein biskop emeritus). Særleg sette eg pris på å få tid til ein god prat med Per Halse.

Om sjølve føredraget skal eg ikkje seie stort, det meste står no spreidd rundt i biografien. Men eg har lyst til å nemne at eg avslutta med å lansere ei rad uløyste forskingsoppgåver i grenselandet mellom teologi, filologi og historie. Her er ledige emne både for doktoravhandlingar, masteroppgåver og meir avgrensa arbeid. Eg står gjerne til disposisjon om nokon er interesserte i meir informasjon. Ønskjelista mi ser slik ut:
# lagt inn 11.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?