<$BlogRSDUrl$>

1.5.09

Internasjonalen 

Opp, trælar alle no kring jorda!
Opp, de som låg i naud og svolt!
Som elding lyser rettferdsorda,
det brest i band og slavebolt!
Rått og råte opp med rot vi river.
Opp træler, no or naud og skam.
Kring merkestonga tak vi triver:
Fram kamerat! Til fridom fram!

Til samling då på valen!
Siger veit vi, at vi får!
Og Internasjonalen
skal få sin folkevår!


Ikkje Blix, men Ole Martinus Høgåsen (1900-1964) frå Grue i Solør var det som sette om "Internasjonalen" til nynorsk, i 1929. Heile teksten fann eg her.

Merk særleg den mykje tøffare utgåva av linja "Alt det gamle vi med jorden jevner", rett nok med klammeforma "river". Kva kan høve betre på ein dag som denne ennå minne om referansen, Ivar Mortensson (Egnund) i Fedraheimen 15.10.1887:
Raatt og rotet skal med Rotom rivast. Ned med Kongemagt, Prestemagt og Svenskar og Stormannskap, Pengevelde og Bondegjøling! Upp med Husmenner og Arbeidarar og Smaafolk og alt som lid Urett og Mein i den gamle Samfundsbygning Fri Tenkjing, fri Ording, fri Skuring i alle Slag! Og ingen Mannamun!
Maalsaki skal som fyrr alltid vera Nummer ein. Men det duger ikkje aa arbeida for ho, utan naar me driv radikal Politikk. Det hjelper ikkje nye Tre paa skjemt Vin, det hjelper ikkje nytt Maal for gamle Tankar. Nytt Maal for nye Tankar, det er Maalsaki det!
# lagt inn 1.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?