<$BlogRSDUrl$>

21.5.09

Nynorsk i Uranienborg 

Nynorske gudstenester har det vore regelmessig i Oslo i over hundre år, for tida i Slottskapellet i regi av Studentmenigheten.

Meir sjeldsynt er det med nynorske høgmesser i soknekyrkjene i hovudstaden. I Uranienborg, heimekyrkja til Elias Blix, har ein i seinare år halde gudsteneste med nynorsk liturgi i samband med dei årlege salmeseminara. Det siste salmeseminaret var i fjor, men tradisjonen med nynorsk gudsteneste held fram, fortel Jarle Skjørestad, som er med i arrangementskomitéen:
Som ei oppfylgjing av salmeseminara dei seinare åra har menighetsrådet i Uranienborg menighet vedteke å ha ei nynorsk-gudsteneste kvart halvår.

Det vert nynorsk-gudsteneste søndag 24. mai kl. 11.00 i Uranienborg kirke.
Preike ved domprost Øystein Bjørdal, liturg: sokneprest Jan Oskar Utnem. Organist Inger-Lise Ulsrud. Gruppe frå Oslo kammerkor. Kyrkjekaffe.

(Nynorsk-gudstenesta i haust vert etter planen søndag 27. september)
Sjå òg heimesida til Uranienborg kyrkjelyd.
# lagt inn 21.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?