<$BlogRSDUrl$>

30.5.09

Verdig død 

BlixBlog har aldri lagt sjul på ein sterk skepsis mot det såkalla Framstegspartiet, i meir og mindre saklege ordelag. Eg har ikkje tenkt å drive aktiv valkamp (sjølv reknar eg meg som ein heimlaus sosialist, for radikal i miljøspørsmål for Arbeidarpartiet, for lite kulturradikal for SV). Men eg har behov for å seie offentleg at eg er opprørt over prinsippvedtaket på FrP-landsmøtet sist helg om å opne for aktiv dødshjelp. Heldigvis har leiaren i Legeforeningen vore tydeleg på at legar skal berge liv, ikkje ta liv.

Det er mykje å seie om omsorg for menneske ved slutten av livet i dette landet. Det er framleis mykje som manglar, men det har òg vore store framsteg i seinare år, ikkje berre når det gjeld smertebehandling. Mellom anna har hospice-institusjonane vore med på å bevisstgjere at omsorg ved slutten av livet har mange dimensjonar.

Både Morgenbladet og Dag og Tid har kome på den gode ideen å intervjue Stein Husebø denne helga, legen som for femten år sidan sette i gang ein større debatt nett om dette spørsmålet. Han er - kanskje overraskande for somme - svært tydeleg motstandar av framlegget. Eg siterer sluttreplikken hans i Dag og Tid-intervjuet:
- Om aktiv dødshjelp blir lovleg i Noreg, kva trur du då er den største utfordringa?
- Faren for misbruk. Faren for at me ikkje har nok ressursar til å gje omsut og lindring til dei som treng det. Faren for at menneske skal oppleva det som ei plikt å forlata livet når dei kjenner at dei er til last. Slik eg ser det, har landa der aktiv dødshjelp er legalisert, store utfordringar her.
# lagt inn 30.5.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?