<$BlogRSDUrl$>

26.6.09

Allkunne 

Det kulturhistoriske leksikonet Allkunne.no blir først lansert i haust, men alt no kan du bla i pilotversjonen.

Eg har skrive ei handfull artiklar for Allkunne, størst er den signerte artikkelen om Elias Blix. Og sanneleg har ikkje biografen fått sin biografi, det er ei uvant oppleving.
# lagt inn 26.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sommarlektyre 

I dag har eg vore i bokhandelen for å hamstre sommarlektyre. Avhengig av vêret og humøret har eg i sommar planar om å lese (alfabetisk etter tittel): Enn du? Bruk gjerne kommentarfeltet.
# lagt inn 26.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.6.09

Festspel 

Dei nynorske festspela er i gang. Vi som ikkje er i Hovdebygda og omegn desse dagane, kan følgje med virtuelt på ymse vis, i Festspelsymra, på Fjesbok og på Flickr. Om ein òg kan følgje dei på Twitter, har eg ingen planar om å finne ut.
# lagt inn 24.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.6.09

Bispenytt 

Så er det avgjort at den nye Stavanger-biskopen heiter Erling Pettersen. I tillegg til å vere bergensar og sokneprest i Nordstrand med allsidig og tung kyrkjeleg erfaring er E.P. gift med sjefen min, forlagssjef Turid Barth Pettersen i Bibelselskapet. BlixBlog gratulerer. Den nye Stavanger-bispinna blir nok pendlar, så vidt eg veit har ho planar om å vere med på fullføringa av den nye bibelomsetjinga til 2011 på bokmål og nynorsk. Det kan vere bra for nybispen i eit av dei sentrale nynorskstifta å ha slik kompetanse med seg på heimefronten.

Elles er det to ting å seie om utnemninga: At Stavanger får ein høgst kompetent biskop, og at kyrkjestatsråden som vanleg har erta på seg det kyrkjelege demokratiet ved å velje ein annan kandidat enn den som har hatt størst oppslutning.

Men, som alle lesarar av Ein betre vår ein gong veit så vel: Det er lang tradisjon for turbulens rundt bispeutnemningar.
# lagt inn 19.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.6.09

Biografinytt 

Dagsavisen i går kunne presentere biografihausten 2009. På toppen tronar Edvard Hoems Bjørnson-biografi, band 1. Eg er meir oppteken av neste avsnitt:
Jølsen
Bokhøsten 2009 tegner ellers ikke til å bli oppsiktsvekkende på biografifronten. Men i september kommer Arnhild Skres store biografi om forfatteren Ragnhild Jølsen (1875-1908). «La meg bli som leoparden. Ragnhild Jølsen – en biografi» er tittelen på boka. Skre forteller om Jølsens rusbruk, om tungsinnet, om finanskrisen og om hennes «beryktede» forfatterskap.
Dette ser eg fram til, som sambygding både av biografiens subjekt og objekt, eller, som eg liker å framstille det, både det levande og det skrivande subjektet.
# lagt inn 16.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.6.09

Salmebokdebatten 

I dag er BlixBlog dregen inn i salmebokdebatten i Vårt Land. Sluttsetninga i dette innlegget er sitert i eit lesarbrev med overskrifta "Heller eit salmetillegg?" underteikna av ei gruppe på fire personar frå Suldal. Eg kjenner dei frå før og veit at dei arbeider svært seriøst med salmeboksaka. Eg siterer nokre utdrag
Vårt Land melder, 28. mai, at leiaren i Kyrkjerådet er irritert på bispedømmerådet for Agder og Telemark som vil utsetja salmebokreforma. Nils-Tore Andersen sukkar over folk som ikkje har følgt med i timen, og karakteriserer desse som lite seriøse. Det er ikkje grasrota som har kravd endringar. Det blir stadig tydelegare at verken forslaget til ny salmebok eller til ny liturgi skaper stor entusiasme ute mellom folk. Anders Aschim, prest, forfattar og bibelomsetjar seier det slik på bloggen sin: «Ein ting uroar meg: Eg har møtt mange ulike forsamlingar for å snakke om salmar. Eg finn ingen, eg tek opp att: Ingen, entusiasme for det nye salmebokframlegget.»
...
Kyrkjerådet har vore særleg misnøgde med at nynorskprosenten er for låg i salmebokframlegget. Det kjem mellom anna av at så mange nynorske salmar er tekne ut. Med å halda på dei noverande bøkene, vil ein ha eit betre utgangspunkt for å styrkja nynorskprosenten.
...
Det er stor semje om at trusopplæring er den største og viktigaste utfordringa for kyrkja i dag. Skulen er i praksis ute av biletet, og kyrkja må sjølv ta ansvar for opplæringa. Det er ikkje nok å læra opp ungane. Foreldre og fadrar treng og å rustast for å kunna halda dåpsløftet. Sidan me ikkje har uendeleg med pengar, blir me nøydde til å prioritera. Spørsmålet blir då om nye salmebøker er det som skal koma fyrst. Eller om me til dømes heller skal tilby dåpsskule for foreldre.

Det er inga skam å oppdaga at det er lurt å snu. Det er ikkje dumt å verkeleg lytta til kyrkjemedlemmer ute i landet som engasjerer seg i eit høyringsutkast. Me er bedne om å svara på oppsette spørsmål. Det første er om me er einige i at salmeboka skal koma i to bind, kjernesalmar og tillegg. Me reknar med at også me som seier at det held med tilleggsbind, vil bli tekne seriøst.

Wenche Haugen Havrevoll, Wenche Nygaard, Ingvar Olimstad, Judith Sørhus Litlehamar, Suldal
Innlegget frå Suldal ligg ikkje på nett, men les gjerne denne kommentaren og den påfølgjande debatten.
# lagt inn 11.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på Nesflaten 

I dag gjer eg merksam på ein hyggeleg kommentar ein annan stad på bloggen. Eg tillet meg å sitere heile her på framsida:
Hei,
Me i 5. klasse på Nesflaten skule har eit songhefte som me brukar i 1.time på skulen. I dag ville me synga ”No livnar det i lundar”. Det var Kent Runar som foreslo det, for det er den finaste songen han veit. Det er me andre einige i, men me likar mange andre songar og.
No livnar det i lundar har så fin tone, og så er han fin fordi han er på nynorsk. Me har snakka om kva for ei linja me tykkjer er finast. Ådne, Eina og Christina synest ”Du vår med ljose dagar” er finast. Kent Runar likar aller best ”den heile skapning stundar no fram mot sumars tid” og Kevin likar desse linjene best: ”alt utan brest og sprunge skal lova Herren vår.”

Helsing Kent Runar, Ådne, Kevin, Eina og Christina
5.klasse
Det var ei fin helsing. Eg synest alle linjene de føreslår er fine, men eg er kanskje mest samd med Kent Runar, trur eg. Fint å høyre at de både les, skriv og syng, særleg det siste. Mange stader syng dei for lite på skolen for tida, meiner eg.

Nesflaten skule ligg i Suldal kommune i Rogaland, for dei som måtte lure. Tek eg ikkje mykje feil, er dette skolen til forfattar og bibelomsetjar Inger Bråtveit (sist sett her).
# lagt inn 11.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.6.09

Ver varsam 

Norsk Faglitterær Forfatter- og oversetterforening inviterer til seminar i morgon om Etikk på sakprosa-plakaten. Her skal medieforskaren Paul Bjerke leggje fram utkastet sitt til ver varsam-plakat for sakprosa, etter modell frå pressa. I dette høvert blei han intervjua av Dagsavisen i går. Eg siterer den mest biografirelaterte delen av intervjuet:
– Når forfatteren ikke er part, går det an å bruke mange av pressens normer. Kildeidentifikasjon er for eksempel viktig. Leseren skal kunne finne ut hvor informasjonen kommer fra. Anonyme kilder brukes kun ved helt spesielle samfunnsmessige behov.

– Men hva om man skriver en biografi og ingen vil stå fram med det «alle» vet?

– Forfatteren vil nødvendigvis formes av det kildene sier. Men grunnregelen er at det ingen står inne for, setter man heller ikke på trykk. Et viktig prinsipp her er at alle mennesker har rett på et privatliv. Man framhever ikke personlige og private forhold når det er saken uvedkommende, selv om «alle» syns det er interessant eller «alle» allerede vet om forholdet.

– Da forsvinner jo selve poenget med en del biografier?

– Ja, og det er kanskje like greit? Det utgis en del bøker som ikke har noe i offentligheten å gjøre, sier Bjerke.

– Men hvis alle eier sin egen historie, blir det vanskelig å skrive noe kritisk om maktmennesker, slik journalistikken prøver å gjøre?

– Også sakprosaforfattere må selvsagt ha mulighet til å omtale personer som ikke ønsker omtale, men det må begrunnes. I en biografi har pikante detaljer fra privatlivet til den boka handler om sjelden noen funksjon utover å lage oppslag i media. Når forfatteren etterpå toer sine hender og er overrasket over at mediene kaster seg over nettopp disse pikante detaljene, er det i beste fall naivt. Som regel hadde kapitlet lite å gjøre i boka i utgangspunktet.
# lagt inn 9.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.6.09

Å, eg veit ikkje det 

Frå Lofotposten i går, spalta "Slydals corner" på sportssida:
Og med et 35.000 mennesker stort blandakor på Nye Bodø stadion, vil Elias Blix sitt «Barndomsminne frå Nordland» få håret til å reise seg på armene hos oss langt oppe mot nord
- dersom Bodø får fotball-EM i 2016 og to unge lofotværingar blir henta inn og dresserte til toppspelarar ...
# lagt inn 5.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Snåsamannen 

... no også på BlixBlog:
Tror på Gud. I april ble Gjerstad intervjuet i Vårt Lands spalte Min tro.

– Folk spør meg stadig: Hva tenker du om Gud? Jeg får tusenvis av brev. De skriver om Gud, ikke om Snåsamannen. «Lat folket som brøder saman bu, som kristne det kan seg søma», står det i Elias Blix fedrelandssalme. Om vi gjorde det, hadde alt blitt helt annerledes. Egoismen må vekk, kristendommen må fram, sa Gjerstad.
Vårt Land i dag, i samband med at biskop Tor Singsaas har invitert Joralf Gjerstad til å tale i Nidarosdomen under Olavsfestdagane.
# lagt inn 5.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.6.09

Biografnytt 

Samlaget melder:
"Melsom-prisen 2009 går til Stephen J. Walton for boka Skaff deg eit liv! Om biografi som kom ut på Samlaget i 2008."

I grunngjevinga skriv juryen, Hilde Sandvik, Åshild Nordstrand og Brit Bildøen, mellom anna: "Han tematiserer også biografens ståstad ved å setje ting på spel. I desse personlege essaya pressar han både seg sjølv og språket utan at det verkar kalkulert eller utleverande."

BlixBlog gratulerer prisvinnar Stephen Walton - i tillegg til å lese boka for tredje gong, stadig med større utbyte.
# lagt inn 4.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.6.09

Festivalrapport 

Helgefreden er i ferd med å gå over, eg er heime etter ei svært effektiv familiær bursdagsfeiring (3 stk. nevøar/nieser på 20, 10 og 7). Kort oppsummering av laurdagens Lillehammertur saman med AM: Elles var vi velsigna med eit uvanleg vakkert pinsevêr. Det blei ikkje så mykje tid til uteliv, men dei obligatoriske visittane i Storgata og Søndre Park fekk vi no avvikla. Og så rakk vi innom E og AB på Hamar på heimveg.
# lagt inn 1.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?