<$BlogRSDUrl$>

19.6.09

Bispenytt 

Så er det avgjort at den nye Stavanger-biskopen heiter Erling Pettersen. I tillegg til å vere bergensar og sokneprest i Nordstrand med allsidig og tung kyrkjeleg erfaring er E.P. gift med sjefen min, forlagssjef Turid Barth Pettersen i Bibelselskapet. BlixBlog gratulerer. Den nye Stavanger-bispinna blir nok pendlar, så vidt eg veit har ho planar om å vere med på fullføringa av den nye bibelomsetjinga til 2011 på bokmål og nynorsk. Det kan vere bra for nybispen i eit av dei sentrale nynorskstifta å ha slik kompetanse med seg på heimefronten.

Elles er det to ting å seie om utnemninga: At Stavanger får ein høgst kompetent biskop, og at kyrkjestatsråden som vanleg har erta på seg det kyrkjelege demokratiet ved å velje ein annan kandidat enn den som har hatt størst oppslutning.

Men, som alle lesarar av Ein betre vår ein gong veit så vel: Det er lang tradisjon for turbulens rundt bispeutnemningar.
# lagt inn 19.6.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?