<$BlogRSDUrl$>

20.7.09

Kjeldebruk 

Så er sommarens debatt om kjeldebruk i gang. Denne gongen handlar det om ein roman, Kjartan Fløgstads kritikarroste Grense Jakobselv. Historieprofessor Tore Pryser sette diskusjonen i gang med ein kronikk i Dagbladet 14. juli. Her skriv han mellom anna:
Med økende forbauselse under lesningen oppdaget jeg i disse Tour de France-tider at jeg med min egen forskning var blitt en godt benyttet «hjelperytter» for Fløgstad.
Den medfølgjande dokumentasjonen kan du lese sjølv, eg hoppar rett til konklusjonen:
I romaner som i stor grad bygger på virkelige aktører og hendelser som ikke er oppslagsord i leksikon og Wikipedia, bør det også sies noe om kildegrunnlaget.
Om dette går altså debatten. Nokre utvalde klipp finn du på Sakprosabloggen (du følgjer vel med på den?), men i Morgenbladet står Fløgstad sjølv fram som alt anna enn angrande syndar.

Det skal bli interessant å følgje denne debatten. Personleg har eg stor forståing for synspunkta til Pryser. Eg meiner ikkje at ein roman skal vere utstyrt med eit vitskapleg noteapparat, men det finst gode måtar å gjere dette på. Jørgen Norheim har til dømes utstyrt Adjutanten (ja, eg har lese den no. Tematikken er i nær slekt med Fløgstads, nokon bør lese desse to bøkene saman. Bra emne for ei semester- eller masteroppgåve?) med eit "Etterord" på to sider der han mellom anna skriv:
Men ein skjønnlitterær forfattar, om han skriv "historisk" eller ikkje", vil ofte vera avhengig av ei viss kjeldegransking. Avhengig av forfattarens fantasi kan han då finne på å integrere i sitt eige det han har lese hos andre. For å unngå spekulasjonar om plagiat kan det i slike tilfelle vera nyttig å vise kvar han har henta ting frå. Men annleis enn i faglitteraturen skal lesaren sleppe å bli informert om alt ein skjønnlitterær forfattar har lese. Her er eit utval kjelder denne forfattaren har brukt: [ei liste på ni titlar følgjer]
For meg er dette ei grei og framfor alt ærleg løysing.
# lagt inn 20.7.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?