<$BlogRSDUrl$>

18.8.09

Biografinytt: Aukrust 

Eg er heimkomen frå Litteraturhuset i hovudstaden etter ei riktig vellukka lansering av Olav Aukrust-biografien til Jan Inge Sørbø, Ørneflukt og ormegard. Det må ha vore godt over 100 frammøtte, og mange måtte nøye seg med ståplass. Sverre Tusvik styrte det heile med relativt høg grad av sjølvdisiplin. Endre Skjåk ramma inn arrangementet med eit fint utval Aukrust-dikt.

På førehand har boka fått tabloid presse både i Gudbrandsdølen Dagningen ("«Kler av» Olav Aukrust i ny bok. Pikante detaljer om Olav Aukrust og svigerinnen avsløres i ny bok") og i Dagbladet ("- Hadde affære med konas søster. Kommer med intrikate avsløringer i ny biografi"). Det handlar - som vanleg - om kvinnfolk.

Trekanten Olav - Gudrun - Margit er tydeleg sentral i boka, der heile fire ulike kapitteloverskrifter refererer til "systrane tvo". Når eg for ein gongs skuld trur på forleggjaren si avvising av at dette er eit "mediestunt", skuldast det Sørbø sin fine presentasjon og diskusjon av tilhøvet mellom liv og dikting, korleis livet på mangfaldig vis verkar inn på diktinga til Olav Aukrust og omvendt. Eg ser at dette er ubehjelpeleg klisjéspråk, men eg finn ikkje anna kortform i kveld. Presentasjonen til Sørbø i kveld var i alle fall særs god og overtydande.

Cato Schiøtz tala om Aukrust sitt tilhøve til antroposofien, eit tema Sørbø har teke på alvor og gitt ei framstilling av som nesten er god nok for Schiøtz. Da får det vere bra.

Vi fekk jamvel sjå fire minutt Olav Aukrust på kinolerretet - i ei birolle i filmen "Presteenken" (stumfilm frå 1921 av Carl Th. Dreyer, etter ei forteljing av Kristofer Janson). Her gestaltar Olav Aukrust ein "mager prestekandidat" som prøvepreiker kyrkjelyden i svevn under konkurranse om eit ledig presteembete. Fantastisk. Soga om korleis Olav Aukrust gjekk til filmen finn du i boka.

Vel. Dikta til Aukrust flyg framleis vel høgt for meg, og orda blir meg i største laget. Men eg gler meg til å lese om denne bipolare (mine ord, ikkje Sørbøs!) diktaren med Sørbø som vegvisar. Eg har stor respekt for han som ein fin lesar og ein framifrå biograf.

Oppdatering, dagen derpå: Sidan du kanskje ikkje har tilgang til papirutgåva av GudbrandsdølenDagningen (Lillehammer Tilskuer blei borte i forrige fusjon) skal du få del i dagens resultat av møtet på førstesida mellom litteraturvitskapen og "det folk vil ha":

Det dobbeltsidige oppslaget inne i avisa er heldigvis noko meir nyansert. Om du lurer på kva dei hugsar av Aukrust-dikt i Gudbrandsdalen, kan faktaruta fortelje deg det:
"Mest kjente dikt: 'Ein [sic] naki grein', 'Aktion på Tande', 'Bilbeistet', 'Einsleg', 'Bøn', 'Fjell-Norig'"

Oppdatering, 21.08.09: No kjem meldingane av Ørneflukt og ormegard. Den mest interessante står i Gudbrandsdølen Dagningen (skandaleavisa du veit), under overskrifta "Edruelig om Aukrust". Den er skriven av ingen ringare enn Arne Næss-biografen Truls Gjefsen. "Olav Aukrust, odelsgutten fra Bøverdalen som ble nasjonalskald, er et ønskeemne for en biograf", skriv han som ingress til ei eksemplarisk bokmelding, poengtert, sympatisk, men ikkje ukritisk. Dessverre er GD gjerrige med kva dei legg ut på nett. Men sjølvsagt formidlar avisa òg (i går) lesarrespons av typen "Lat fjellnoregskalden Olav Aukrust få væra i fred, 80 år etter at han er død."

I Morgenbladet er det ei bokmelding av Trond Berg Eriksen, og Cato Schiøtz nyttar den faste bokspalta si på Olav Aukrust. Dag og Tid har òg eit stort oppslag, to sider, intervju med forfattaren og nokre sitat, men inga melding så langt.

Oppdatering, 23.08.09: I Aftenposten har Ingunn Økland meldt boka. "Udetonert bombe" er overskrifta. "Forfatteren vegrer seg for å fråtse i pikant materiale. Dermed er historien om Olav Aukrust blitt en sympatisk og noe tam biografi." For lite dyneløfting, med andre ord? Eg finn denne meldinga litt meir surmaga enn det Sørbø har fortent. Men det er gode observasjonar her òg: "Her møter vi for en gangs skyld en biograf med ambisjoner om å nytolke et forfatterskap. ... Forfatterskapet får en fruktbar biografisk omdreining i Ørneflukt og ormegård – uten at dikteren reduseres til hans livshistorie."

Oppdatering, 28.08.09: Mykje Aukrust i Dag og Tid denne veka. Den omfattande bokmeldinga til Ronny Spaans er eit svært viktig bidrag til samtalen om Aukrust og biografien hans. Spaans har mykje godt å seie om boka, men han slepp ikkje "dilemmaet ved Aukrust, norskdomspatosen, som tydelegvis har vore den store bøygen også for Sørbø." Han har òg nokre kritiske og høgst konstruktive merknader om den idéhistoriske bakgrunnen til Olav Aukrust: "Sørbø kunne med føremun vist til ny forsking om mellomkrigspoesi, knytt til omgrepa «nordisk modernisme» og «vitalisme», der det er sett spørjeteikn ved mange sanningar frå eldre litteraturforsking" (sannsynlegvis Spaans' eigen baby, men det er greitt, innvendinga er to the point); "Aukrust hadde større affinitet til norskdomsideologi enn antroposofi. Det spesifikt mellomalder-norske og krypto-katolske ved Aukrusts mystikk finn ein ikkje att hos Steiner, som kultus av Draumkvæde-skalden og Heilag-Olav." Noko som minner meg om at eg har grave altfor lite i bakgrunnen for Olavsjubileet i 1930, ein gedigen kyrkjeleg-nasjonal happening som i dag verkar temmeleg framandarta, men som nok fortel mykje om det ideologiske klimaet i mellomkrigstida i Noreg.
# lagt inn 18.8.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?