<$BlogRSDUrl$>

11.9.09

Salmenytt 

1. Ikkje så veldig nytt, kanskje, men Dag og Tid (papirutgåva) i dag inneheld enda eit sterkt kritisk innlegg om framlegget til ny salmebok. Under overskrifta "Ei rasering av den nynorske salmetradisjonen" har Jarnfrid Kjøk mellom anna med eit moment som ikkje har vore så mykje framme:
Med tekstene går eit stort tonestoff ut, til dømes med Støylen tonestoff frå mellomalderen, reformasjonstida og 16-, 17- og 1800-talet. ... Med Blix og Støylen går mange salmetonar av norske salmetoneskaparar ut, særleg Ludvig Mathias Lindeman (1812-1887) og til dømes Jakob Hveding Sletten (1872-1936)
2. Noko meir hyggeleg: Nestor i norsk salmedikting Svein Ellingsen er 80 år i år, og det blir markert både med nyutgjeving av salmane hans og med ein biografi skriven av Eyvind Skeie. Ingen av bøkene er på marknaden enno, men følg med. Den som ventar på noko godt ...
# lagt inn 11.9.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?