<$BlogRSDUrl$>

20.12.09

Mot jol 

Du skal få enda ein god grunn til å lese Den nynorske songskatten av Terje Aarset. På s. 145-152 finn du nemleg soga om denne songen:
Jolekveld
Kaldt og myrkt og lite sol,
soleis er det fram mot jol.
Snø og is all jordi gøymer,
allting ligg i lengt og drøymer.

Barnet spør, kor langt det lid
enno fram til joletid.
Mor so mangt har med aa fara,
like vel ho stødt lyt svara.

Naar so klokketonar skjelv
under høge himmelkvelv,
melder malmsterk tonebaare
største høgtidskveld i aare.

Verdi fekk ein liten gjest,
difor held ho barnefest.
Smaa og store høgt maa kveda
saman um den store gleda.

Fatigt barn til verdi kom,
barnet vende verdi um.
Under stort, ja utan like,
det er Jesus og hans rike.

Han som kom, seg sjølv oss gav,
fekk ei krubba og ei grav.
No bør vi med gledestaare
gje ’om rom i hjarto vaare.

L. F. H.
Bonden 30. desember 1912.
Dette er førsteutgåva (s. 146 hos Aarset), meir kjent er nok versjonen frå Lars Søraas' songbok (s. 148 same stad) med tittelen "Mot jol". Ingen annan song har vekt slikt lesarengasjement på BlixBlog som denne, enda den ikkje er av Blix ein gong, men av gudbrandsdølen L. F. Hov. Berre sjå her og her. Så seint som i går fekk eg ein kommentar frå Robert Coates, som har sett ut songen for blandakor (det har forresten Terje Aarset òg, på s. 151).
# lagt inn 20.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?