<$BlogRSDUrl$>

18.12.09

Talemålsnytt 

Eg har visst ikkje kommentert diskusjonane om talemål i NRK, seinast aktualisert gjennom bølgjene rundt nyheitsanker Ingerid Stenvold, som har fått lov å snakke dialekt i sjølvaste Dagsrevyen. Dette er kontroversielt, jamvel mellom målfolk. Mange er urolege for at det kan bli for lite normert nynorsk tale i riksmedia (og bokmål med, for den del).

Eg har fått, og takka ja til, ein invitasjon til å bli med i Facebook-gruppa "Vi som støtter Ingerid Stenvold i dialektsaken". Eg er fundamentalt usamd med tidlegare språkkonsulent Finn-Erik Vinje, som held på ei streng normaliseringslinje, og tilsvarande samd med etterfølgjaren Ruth Vatvedt Fjeld: Talemål er ikkje noko å vere redd for.

For å ta tydeleg stilling i ein debatt som har følgt målsaka heilt frå starten: For meg (som framleis er sidemålsbrukar av nynorsk) ligg det viktigaste argumentet for nynorsk nett i det talemålsnære. Dessutan meiner eg at nynorsk er ein idé som er for god til at vestlendingane skal ha den for seg sjølv.

Kva Blix hadde meint? Sannsynlegvis ville han ha vore tilhengar av relativt sterk normering. Men eg vil nytte høvet til å sitere eit av innlegga hans i stortingsdebatten 29. april 1885 om målsaka (økonomisk støtte til lærarkurs i landsmål og bygdemål):
Gaar man ud fra Landsmaalet som Materiale for Undervisningen ved disse Kurser, saa vil man naturligvis lempe Landsmaalets Form saa nær efter vedkommende Lærers egen Dialekt som gjørligt, saa at altsaa Landsmaalet her ikke bliver andet, end hvad det i mine Tanker skulde være og faktisk maa siges at være -: en Normalform, hvori en hvilkensomhelst af vore Dialekter kan lægges ind.

(Ein betre vår ein gong s. 321)
# lagt inn 18.12.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?