<$BlogRSDUrl$>

23.1.10

Blix i Telemark 

I Telemarksavisa 21. januar hadde Kaare Bakken nokre fine barndomsminne frå Vest-Telemark. Eit par Blix-patriotiske klipp:
Far, skulemeisteren, starta alltid dagen med ei salme – sjølv hadde han skrøpeleg gehør, men henta støtte i eit pedalorgel og enkle notar (Skalaen var tydeleg merka av på dei kvite tangentane – C-D-E-F-G-A-H-C – og elles «grovspela» han nok det meste utan overdriven bruk av kryss og b!) Morgonsalma av Elias Blix var obligatorisk:

Syng i stille morgonstunder,
Syng Gud Fader lov og ros!
Sjå han gjerer nytt det under:
Kallar fram or myrkret ljos!
Sjå hans sol all skapning gylla,
alt med liv og lovsong fylla,
sjå hans kjærleik smil i sky,
sjå kvar dag hans nåde ny!


Denne salma hadde i alle fall to eller tre vers til, men så vidt eg hugsar greidde vi oss med fyrste verset og «koret» til fars orgel-akkompagnement var nok heller spinkelt med ein del reine ulåtar innimellom!

Men song høyrde med, og i ei lita grend i Vest-Telemark var repertoaret tufta på heilnorsk grunn i både skule og andre forsamlingar. ...

Elias Blix var tydeleg fars favoritt – skuledagen blei som oftast avslutta med denne høvelege salma:

No soli bakom blåe fjell sitt ljose andlet gøymer.
Og mørker over heimen fell og jordi ligg og drøymer.
Gud lat di åsyn lysa ned,
so heilag fred inn i vårt hjarta strøymer.


Ved skuleslutt, midtvinters, hende just dette: Sola gøymde seg verkeleg bak den mektige, tretoppa Røynbrekknuten i vest når songen tagna og den vesle flokken storma ut til ny skileik og moro - eit par timar til - før vinterkvelden sløkte dagsljoset og tende ein funklande stjernehimmel over grenda.
# lagt inn 23.1.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?