<$BlogRSDUrl$>

5.4.10

Hovden 150 

13. april 1860 blei Anders Hovden fødd i Hovdebygda i Ørsta. Det er altså 150-årsjubileum for han denne månaden. Du treng ikkje vente til 17. mai med å feire (da syng vi "Fagert er landet" sjølv midt i bokmålsfylket Akershus), du kan til dømes finne fram påskesalmen "Syng det ut med gleda" på 190 i Norsk Salmebok. Hovdebygdingen Jens Kåre Engeset skreiv Hovdens biografi for nokre år sidan. Sjå òg artikkelen hans i Allkunne, eller Hallgeir Elstad sin i Norsk Biografisk Leksikon, eller Wikipedia-artikkelen. Utvalet av Hovden-tekstar i nettbiblioteket til Aasentunet er heller skralt. Ikkje er det mykje hjelp i Bokhylla.no heller. På tide å få digitalisert fleire Hovden-tekstar? Diktbasen til Deichmanske bibliotek har registrert 1221 Hovden-dikt, så det er nok å ta av.
# lagt inn 5.4.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?