<$BlogRSDUrl$>

6.6.10

Våren 150 

Denne veka har Terje Aarset feira 150-årsminnet for Vinjes "Våren", både i Møre-Nytt (3. juni) og i Dag og Tid (4. juni). Heksameteret "Enno ein gong fekk eg vetren å sjå" stod på trykk første gongen i Vinjes eige blad Dølen 3. juni 1860. Eg har eit nært forhold til denne songen, som eg seinast spelte på Rådhusplassen i Oslo 17. mai, da orkesteret mitt akkompagnerte Espen Langvik frå Operaen. Kva eit heksameter er for noko? Ei klassisk verseform med seks trykktunge stavingar, kjend sidan Homer (både Iliaden og Odysseen går slik).

Dette minner meg om at det er eit par viktige 150-årsmarkeringar som bør hugsast her på bloggen òg. 31. august 1860 var Elias Blix ferdig med artium og kunne kalle seg student. Og 9. desember stod hans litterære debut, "Frettnader um Livet i Nordland", på trykk i same Dølen. Om eg skulle gløyme å markere dette, tek eg gjerne imot påminningar frå eventuelle lesarar.

Gløymde eg å nemne Grieg, seier du? Det gjer ikkje noko, det er oftast tekstforfattaren som blir gløymd.
# lagt inn 6.6.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?