<$BlogRSDUrl$>

13.8.10

Blix på CD 

Fint tips frå ein lesar nordpå! Fleire Blix-innslag er å finne på "Salme, segn og solbøn", plata til søskenparet Buen Garnås som har fått framifrå mottaking hos meldarane. Frå presentasjonen:

Salmar og bedehussongar blei etter kvart integrert i folkesongtradisjonen, i somme tilfelle på kostnad av eldre stoff. Ein får høyre spennet frå eldgamle solbøner, kivlemøyar og domedagsslått til mellomalderballader og meir kjende salmer av Hans Adolph Brorson, Peter Dass og Elias Blix. Ingvill Marit Buen Garnås (kveding) og Per Anders Buen Garnås (hardingfele) er idag rekna for å vera to av dei fremste folkemusikkutøvarane i landet. Dei er sterke tradisjonsberarar med rotfeste i Telemark, og har tidlegare gjeve ut fleire cd-ar. Båe to har også inngåande kjennskap til tradisjonen og historiene knytt til musikken og tekstane.

Ta:lik - TA81 Garnås og Garnås

For å vere heilt presis: På plata finn du Blix si gjendikting av Brorson-salmen “Upp alle Ting som Gud hev gjort” (ei gjendikting eg personleg meiner er betre enn originalen) og den fine kveldssalmen “Dagsens Auga sloknar ut”.

# lagt inn 13.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?