<$BlogRSDUrl$>

2.8.10

Examen artium, skriftleg 

Eit viktig 150-årsminne bør markerast i desse dagar. Eg siterer meg sjølv, Ein betre vår ein gong s. 113:
I 1860 tek eksamen til fredag 3. august. Artianarane får tre skriftlege oppgåver, to stilar i ”Modersmaalet” og ei omsetjing frå latin. Den filosofisk-resonnerande oppgåva som blir servert ungdommen denne første eksamensdagen har ordlyden: ”Hvorledes bør vi forholde os i det Tilfælde, at andre have en altfor gunstig Mening om os?” Yngvar Nielsen finn oppgåva merkeleg og kommenterer: ”Tilfældet forelaa ikke i min tidligere Praksis, og jeg er forvisset om, at det samme gjaldt de fleste.” Det hadde vore interessant å vite kva perfeksjonisten Elias Blix svara på nett denne oppgåva. Han har store forventningar til seg sjølv, og han kan nok kjenne at andre òg har det, velgjeraren Carl Olsen, bygdefolket i Gildeskål, lærarane frå seminaret. Artiumssvara frå denne årgangen er gått tapt. Den historisk-forteljande oppgåva dagen etter er nok enklare å kome til rette med: ”En kort Skildring af Karl den XII’s Karakter.” Sundag er kviledag, måndag er det latinsk omsetjing.
# lagt inn 2.8.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?