<$BlogRSDUrl$>

25.10.10

Reisebrev frå Gildeskål 

Nytt nummer av "Stille Stunder" i postkassa i dag. Gamleprosten til Hardanger og Voss, Knut A. Knudsen, skriv eit fint reisebrev frå Gildeskål, der pensjonisten har vore sommarvikar. Han er sprek enno, gamleprosten. Han har hatt reisefølgje med ei bok om Blix, utan at eg skal trøytte lesaren med detaljar. Viktigare er dei mange fine observasjonane om kor levande Blix-tradisjonen er, og om dagens bruk av Blix-salmane. Knudsen gir elles eit fint referat av noko Svein Malmbekk, sokneprest i Gildeskål h. v., la fram i samband med nordnordisk prestemøte, som blei halde nett i Gildeskål:
Han har undersøkt korleis folk i Salten er opptekne av Blix-salmar i dag, og la fram fleire funn av materialet sitt. Det er "Himmelske Fader" som scorar høgast når folk skal seia kva for salme dei er mest kjær i. Vi song salmen, med vers 2 inkludert, Ramnungar ropar ...
Det har vore eit mykje nytta bordvers i området her.
Så er det salmen "Ein båt i stormen duva" som kjem på neste plass. Han fortalde om tradisjonsbruken knytt til denne salmen, som har sitt bibelske førebilete i bibelforteljinga om når Jesus stiller stormen. Salmen vart nytta som bøn før fiskarane drog til Lofoten og som forbøn for dei fom var på havet og fiska.
Knudsen sluttar brevet sitt med å "oppmoda lesarane av 'Stille Stunder' til å gjera ei Gildeskål-ferd, gjerne med Aschim-boka som reiseguide" (auda, der kunne eg ikkje dy meg).

Det blir fleire gode høve til det neste år. Da feirar dei 175-årsjubileet til Elias Blix heile året til ende. Dei modige, som har vore ute ein vinterdag før, kan ta turen helga 26.-27. februar. For andre høver det kanskje best med eit besøk på sommarføre. Det blir eit stort profilarrangement på seinsommaren òg, så følg med!

Favorittsitat: "Ein musikar eg møtte her, svarde slik når eg spurde kva som var det beste med Blix-salmane: Det er musikk i språket hans."
# lagt inn 25.10.10 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?