<$BlogRSDUrl$>

26.1.11

Garborg 160 

Gratulera med dagen, Garborg!

Med faklar og langt tog i grålysinga feira Undheim skule Arne Garborg sin 160 årsdag. Og brått var han der sjølv også.

Gratulera med dagen, Garborg! - Stavanger Aftenblad

Og på Litteraturhuset i Oslo blei dagen feira med lansering av boka “Med lykti i hand”. Garborg som diktar og tenkjar.

Her fekk vi mellom anna høyre Jan Inge Sørbø argumentere for Garborgs plass i den norske litterære kanon med denne trefaldige grunngjevinga:

  1. Garborg har skrive den beste norske romanen frå 1800-talet (Fred).
  2. Garborg har skrive den beste norske diktsamlinga frå 1800-talet (Haugtussa).
  3. Garborg har skrive det beste norske essayet frå 1800-talet (“Hanna Winsnes’ kokebok”).

Slik er det berre.

# lagt inn 26.1.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?