<$BlogRSDUrl$>

25.2.11

Fødselsdagsfeiringa 

Da var dagen over. Elias Blix er ettertrykkeleg markert på heimstaden på Sandhornøy, med eit offisielt arrangement i Oslo, og med stor Blix-fest i Rønvik kyrkje i Bodø, har eg registrert. Mellom anna. Sjølv var eg på Petter Dass-museet på Alstahaug og heldt foredrag. Det var ein fin kveld.

Av avisene er det særleg dei nordnorske, dei nynorske og dei kristelege som har gjort noko ut av dagen. Lite av dette ligg på nett.

Avisa Nordland i Bodø står sjølvsagt i ei klasse for seg. Dei følgjer jubileet tett. Men Vårt Land i går hadde store oppslag både på kommentar- og kronikkplass. DagenMagazinet og Nordlys må òg nemnast. I Dag og Tid har eg skrive sjølv, sist fredag kom mine "Tre favorittar: Blix-salmar" på sistesida, i dag har broderen og eg ein kronikk med utgangspunkt i debatten om NRK og Fedrelandssalmen i fjor sommar.

Mest kjøt får du i kronikkane: Svein Malmbekk i Vårt Land i går, Harald Eintveit i DagenMagazinet i går, Tor Jørgensen i Avisa Nordland i går, Anders og Per Kristian Aschim i Dag og Tid i dag.

No er det frukost, deretter reiser eg frå Sandnessjøen til Bodø. Ha ein god fredag.

Oppdatering (Bodø, fredag kveld): Kronikken til Aschim & Aschim finn du her (via www.eliasblix.no)
# lagt inn 25.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?