<$BlogRSDUrl$>

28.2.11

Laurdag 26. februar 

Eg må hoppe over fredagen, da var det salmekveld i Elias Blix' eiga kyrkje, den gamle middelalderkyrkja i Gildeskål. Den veit eg ikkje så mykje om.

Laurdagen tok programmet til klokka 14.30 med panelsamtale i hovudkyrkja over emnet "Hva er det med Elias Blix?" Songar og skodespelar Kine Hellebust stod for den kunstnarlege innfallsvinkelen, sokneprest Svein Malmbekk (no Rønvik, før Gildeskål) for den kyrkjelege, underteikna for den historiske og samtaleleiar (og direktør for Nynorsk kultursentrum) Ottar Grepstad for den nynorske, eller noko slikt. Vi hadde ei gild stund og var samde om at Elias Blix var ein framifrå kar. Det meinte visst dei frammøtte òg. Avisa har kalkulert dei til om lag 200, ser eg.

Det var elles ei stor glede for meg å sjå tømmerveggene på nykyrkja i Gildeskål lyse mot meg. Eternittplatene er endeleg fjerna. Det står att ein god del målararbeid, og her trengst det pengar. Kyrkjelyden bed om ei Blix-gåve for å få fullført denne utvendige oppussinga. Kontonummeret er 4609.20.42650, merk giroen "Blixgåve".

Mellom slaga hadde min gode fe Oscar Berg ei av sine uforliknelege omvisningar i gammelkyrkja. Det var ei glede å møte han att.

Og så var det fest for Blix i Kulturhuset på Inndyr. Fullt hus og stor jubel, om lag 400 frammøtte, påstår avisa. Eit lite referat og lenkje til Avisa Nordland sine bilde finn du her.

Bankett etterpå, kortreist tapas med høgst lokal vri, talar og helsingar frå ymse notabilitetar: TRE biskopar (Sør-Hålogaland, Nord-Hålogaland, Nidaros), leiaren for Kyrkjerådet, generalsekretæren i Bibelselskapet (min sjef), og forsyne meg var det ikkje ein prest som heldt talen frå Salten-ordførarane òg, Rolf Steffensen, ordføraren i Hamarøy. Det var godt med ei lekmannshelsing frå fylkeskommunen. Gildeskål-ordførar Walter Pedersen ønskte velkomen som vert. Han og medarbeidarane hans har gjort ein gedigen innsats med dette jubileumsarrangementet.
# lagt inn 28.2.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?