<$BlogRSDUrl$>

25.4.11

Professoren 

Da er det offisielt. BlixBlog, som har hatt mykje å takke Aarset for gjennom mange år, gleder seg og ønskjer hjarteleg til lukke.

Terje Aarset professor i norsk språk

Torsdag 14. april gjorde styret ved Høgskulen i Volda vedtak om at Terje Aarset får godkjent personleg opprykk med tittel som professor i norsk språk.

Eit sakkunnig utval samansett av professor Lars S. Vikør (Universitetet i Oslo), professor Gudlaug Nedrelid (Universitetet i Agder) og professor Idar Stegane (Universitetet i Bergen) har samrøystes gått inn for å gje Terje Aarset professorkompetanse.
Terje Aarset er fødd i 1945. Han har examen artium frå Volda (1966), lærareksamen (Volda 1968) og studium i tysk og nordisk (Noregs lærarhøgskule / Universitetet i Trondheim, UNIT) med nordisk hovudfag (1974). Aarset har undervist i grunnskulen (Frei) og ungdomsskulen (Ørsta). Undervisningsrøynsle frå høgare nivå har han frå UNIT og først og fremst ved Høgskulen i Volda (frå 1978, då skulen heitte Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda), med fast tilsetjing som førsteamanuensis frå 1982.

Terje Aarset professor i norsk språk

# lagt inn 25.4.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?