<$BlogRSDUrl$>

14.5.11

Blix til lands og til sjøs 

BlixBlog har i seinare tid forsømt å gje eventuelle lesarar oppdateringar om viktige hendingar i riket grunna stort arbeidspress i bibelbransjen. Det siste var elles ikkje ukjent for Elias Blix heller, først og sist på 1880-talet sat han dag ut og dag inn i møte med Ivar Aasen og formulerte bibeltekst på norsk.

Eg er i Bodø i helga (tredje tur hittil i år) og får prøve å oppdatere aller siste nytt, i det minste.

Tysdag 10. mai heldt eg føredrag i Asker kyrkjeakademi om "nasjonsbyggjaren på Slependen", Elias Blix. Med utgangspunkt i sommerhuset plasserte eg Blix i ein reell og symbolsk geografisk mellomposisjon mellom Lysakerkretsen (Nansen, Ernst Sars) og Labråten-folket (Garborgar, Steinsvikar etc.). Frammøtet var overraskande bra, vêret var eigentleg altfor fint til inneliv. Blix og eg kunne dessutan innkassere våre "five minutes of fame" på Østlandssendingen same ettermiddag.

I går kveld var eg med Nynorsklaget og Historisk forening i Bodø på Blix-cruise. Sjøvegen er sjølvsagt den historisk korrekte vegen frå Bodø til Blix-stadene: Våg på Sandhornøya (der eg heldt eit par korte og gripande innlegg), Gildeskål gamle kyrkje (omvisar i særklasse Oscar Berg) og Inndyr (merk deg nysatsinga Heimsjyen. Fiskesuppa er med dette tilrådd). 42 deltakarar og god stemning.
# lagt inn 14.5.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?