<$BlogRSDUrl$>

26.6.11

Festspelpreika 

Guds kjærleiks tenar vera

Preike ved gudsteneste i uteamfiet, Ivar Aasen-tunet
under Dei nynorske festspela, 26.06.2011

I.

Kjære kyrkjelyd.

Eller: Kjære festlyd.

For det er det vi er når vi kjem saman til gudsteneste, kvar einaste gong vi møtest i heimekyrkjene våre, og ikkje mindre når vi samlast til festspel.

Og vi har mykje å feire ved gudstenesta under Dei nynorske festspela i 2011.

Vi feirar 175-årsjubileet til Elias Blix. Salmediktaren, bibelomsetjaren, språkmannen og politikaren blei fødd i Gildeskål rett sør for Bodø i 1836. Ingen enkeltperson har hatt meir å seie for utviklinga av det norske kyrkjespråket. Barnekoret frå Hjørundfjord hjelper oss med å finne tonen, og vi har ingen problem med å stemme i. Blix-salmane har eigenskapar som gjer at menneske av alle slag kan syngje dei med si eiga stemme og bruke dei som sine eigne ord.

Vi feirar Bibelen. På altaret ligg Ivar Aasens velbrukte Bibel, utgitt av Det Norske Bibelselskap i 1854. Bibelen betydde mykje for Ivar Aasen, heilt frå barndommen hans her i Hovdebygda. Så mykje at Aasen brukte ufatteleg mange arbeidstimar på å gje Bibelen norsk språkdrakt, saman med jubilanten Elias Blix og eit par andre gode medarbeidarar gjennom det meste av 1880-talet. Og det skal vi vere glade for. Når Abraham snakkar til den rike mannen i 1854-bibelen hans Aasen, seier han: ”Søn! Kom i hu at du har annammet dit Gode i din Livstid.” I haust kjem det ei ny norsk bibelomsetjing. Det skal vi feire her i tunet og i Volda kyrkje den 26. oktober. Men dokker har alt fått ein trailer – er det ikkje det det heiter på nynorsk filmspråk? – alt i dag, for dei bibeltekstane festspeldiktar Bjørn har lese for oss, er frå denne nye omsetjinga. No seier Abraham: ”Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde.”

Framfor alt feirar vi kjærleiken. Festspela i år har kjærleik som tema. Denne gudstenesta, ja, kvar einaste gudsteneste, er ei feiring av kjærleiken: Guds kjærleik til den verda og dei menneska han har skapt. ”Sjå hans kjærleiks smil i sky, sjå kvar dag Guds nåde ny”. Kjærleiken som er sterkare enn døden.

II.

”Det e’ mang’ slags kjærlighet” song visesongaren Jan Eggum ein gong for lenge sidan. Og det er det sanneleg i Bibelen òg. Diktar Bjørn har lese for oss den kjende forteljinga om den rike mannen og Lasarus. Her snakkar Jesus om fleire slags kjærleik. Eg trur det blir tydelegare for oss om vi også les det som kjem like før i Lukasevangeliet. Der står det:

”Ein slave kan ikkje tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre eller halda seg til den eine og forakta den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.”
Så står det noko interessant: ”Alt dette høyrde farisearane, og pengekjære som dei var, spotta dei Jesus.” (Lukas 16,13-14)

Og fortel altså Jesus soga om den rike mannen og den fattige Lasarus. Til farisearane, som på denne eine plassen i Bibelen blir karakteriserte som ”pengekjære”, den opplysninga finst ingen annan stad.

No skal eg vakte meg vel akkurat her for å lage billege poeng av andre folks fordommar om sunnmøringar. Det finst slike som ville kunne finne på å mumle noko både om fariseisme og om pengekjærleik, men det er berre fordi det er så greitt å få ting til å handle om nokon annan når dei tek til å bli ubehageleg nærgåande.

”De kan ikkje tena både Gud og Mammon”, sa Jesus. Ikkje til rå og omsynslause kapitalistar, men til dei frommaste av dei fromme.

”Mammon” høyrest ut som ein litt mystisk og skummel og eksotisk guddom. Men ordet var eit heilt vanleg ord i det arameiske språket som Jesus snakka. Det tyder ”pengar”, rett og slett. Ikkje mystisk eller eksotisk, men kanskje skummelt likevel? På norsk snakkar i faktisk om å tene pengar. Alle vi som er lønsmottakarar eller næringsdrivande, gjer det. Dette er eit av dei mest ubehagelege uttrykka eg veit om i norsk språk, for det tvingar oss til å stille det ubehagelege spørsmålet: Kan ein både tene Gud og tene pengar?

III.

”Det er ikkje gale å ha pengar. Det spørst korleis ein handterer dei”, vil somme seie.

Og det sekstande kapitlet i Lukasevangeliet gir dei faktisk langt på veg rett i det. Tidlegare i same kapitlet har Jesus fortalt ei anna soge om dette. Eg vil ikkje røpe kva for ei, eg vil heller gi folk eit påskot til å nytte søndagen til å gå heim og lese Bibelen sjølv.

Problemet til den rike mannen er at Mammon har fått han til å gløyme korleis ein tener Gud. Jesus samanfatta det slik, med ord frå Det gamle testamentet, eller ”Moses og profetane”, som han helst sa: ”Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.”

Problemet til den rike mannen er at han ikkje har forstått at den fattige Lasarus rett utanfor porten hadde krav på hans merksemd, ja, kjærleik. Han skulle ha visst det. Om han ikkje forstod det av sjølve situasjonen, hadde Moses og profetane tala temmeleg tydeleg om korleis ein skal møte fattige medmenneske. Kjærleiken Bibelen talar om er ikkje abstrakt, den ligg ikkje på kjensleplanet. Kjærleik er konkret og viser seg i handling.

Etikk har blitt etterspurt vare i seinare år i samfunns- og næringsliv. Ofte tenkjer eg at det er ei god utvikling. Det kan vere vanskeleg å vite kva som er rett. Røyndommen er ofte samansett og uoversikteleg. Men somme gonger snik ein ubehageleg tanke seg inn: Kan det vere slik at vi veit så altfor godt kva situasjonen krev av oss, kva det er rett å gjere, men at vi gjer ting vanskelegare enn dei er for å sleppe?

IV.

Gøymd i forteljinga om den rike mannen og Lasarus ligg det òg ei soge om ein enda djupare kjærleik.

Når det går opp for den rike mannen kor feil han har teke i livet, bed han Abraham sende Lasarus attende frå dei døde til dei levande slektningane sine. ”Då vender dei om”, seier han. Men han får avslag. Dei har alt dei treng, dei har Moses og profetane.

Vi er heldigare stilte enn den rike mannen og brørne hans.

Vi òg har Moses og profetane. Vi veit kva krav livet stiller til oss, kva Gud ventar av oss.

Men vi har meir. For nokon har kome til oss frå dei døde. Resten av Lukasevangeliet handlar om det, om Jesu liding, død og oppstode. Om kjærleiken som er sterkare enn døden.

”Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.” Evangelieteksten sluttar der. Spådomen til Abraham kan verke pessimistisk. Men den opnar samtidig for eit alternativ, ei utfordring, og det er der preika må slutte: Våg å tru på kjærleiken, på kjærleiken som er sterkare enn døden. Som Paulus skreiv i Romarbrevet (5,8): ”Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.”

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande
som var og er og vere skal éin sann Gud frå æve og til æve.

# lagt inn 26.6.11 3 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Takk for ei god preike!
Og salmesetelen?
Knut
Av Anonymous Anonym, 10:12 p.m.  
311 Himmelske Fader
304 Sørg for meg, min Fader kjær
---
706 Til kjærleik Gud oss skapte
418 Med Jesus vil eg fara

Måtte nesten spandere ein Støylen-salme på sunnmøringane i høve dag og tekst, sjølv midt i Blix-jubileet.
Av Blogger Anders, 8:41 a.m.  
Støylen har mange gode salmar. Men at det var to Blix-salmar som fekk songen til å løfte seg (jf. D&T), var inga overrasking.
Knut
Av Anonymous Anonym, 6:24 p.m.  
Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?