<$BlogRSDUrl$>

16.8.11

Da Blix kom heim 

Så er det andre store hovudarrangementet i samband med Blix-jubileet til ende i Gildeskål. ”Folkefest for Blix” har vore ein kontinuerleg suksess heile helga, etter det eg kan forstå. Berre strålande blide fjes har eg sett, og eit eineståande fint vêr har dei òg hatt, i alle fall laurdag og søndag, langt meir enn det nokon hadde våga å be om, ”nåde over nåde”, som biskop Tor B. Jørgensen sa på eit tidspunkt.

Sjølv kom eg først til kommunesenteret Inndyr laurdag kveld, så programmet fredag og laurdag har eg berre høyrt rykte om. Det har vore noko for alle. På Sandhornøya hadde dei ungdomsfest på fredag, mellom anna med ein høgst original kombo: Rap-artisten Joddski og operasongaren Kristian Krokslett. Laurdag var det òg Vågsosen på Sandhornøya som var hovudarena. Programmet inkluderte alt frå den klassiske konserten ”iPod’en til Blix” til dansefest ut i dei små timar. To busslaster med folk på ”Blixtur” fekk oppleve historia fortalt gjennom omvising på vegen og opptrinn på Blix-heimstaden på Våg, og enda stod det visst mange att som gjerne skulle ha vore med. I alt skal dei ha selt ein stad mellom 1800 og 2000 billettar til ulike arrangement denne laurdagen.

Søndag var kyrkjedag på kyrkjestaden som ligg på fastlandet. Først morgonbøn i den gamle middelalderkyrkja, seinare friluftsgudsteneste på berga ned mot sjøen. Hålogalandbisp Tor B. Jørgensen og ein anglikansk kollega, Dover-bispen Trevor Willmott, deltok saman med dei lokale kreftene. Biskop Willmott er òg knytt til katedralen i Canterbury. Det finst eit spesielt band mellom gamlekyrkja i Gildeskål og denne katedralen, Gildeskål-kyrkja er nemleg vigd til st. Thomas (Beckett). Ikkje like stor deltaking som ved det vidgjetne 100-årsjubileet for Blix i 1936, men sanneleg kom båtane sigande inn denne gongen òg, mellom dei legendariske ”M/K Faksen”, ein fembøring og fleire mindre nordlandsbåtar. Biskop Tor kunngjorde ein profetisk visjon han hadde hatt: Gildeskål gamle kyrkje blei innvigd til St. Thomas i året 1186 og har såleis 825-årsjubileum i år. Dagens preiketekst tok til med orda ”Ta dykk i vare for dei falske profetane”, noko som ikkje såg ut til å uroe biskopen.

Yrande folkeliv utover dagen, servering av rømmegraut frå vedfyrt feltkjøkken og Blix-utstilling på museet. Om eit par veker opnar den same utstillinga i Nasjonalbiblioteket i Oslo.

Og så var det teater. ”Små øyeblix” fortener ein eigen bloggpost.
# lagt inn 16.8.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?