<$BlogRSDUrl$>

16.8.11

Høgdepunktet (2) 

Det er lettare å skildre mitt personlege geografiske høgdepunkt under Blix-jubileet: Mandag, dagen etter at den store feiringa var over, var eg på toppen av Sandhornet (993 m.o.h.) for første gong. Den turen har eg drøymt om i årevis. Om det verkeleg finst eit konkret og fysisk føredøme for fjell-verset frå ”Barndomsminne” – ”Der eit Fjell stig mot Sky med si Kruna av Snjo” – så er det Sandhornet. Eivind Ørum, soknepresten i Gildeskål, og Kristian Kyllingstad, prestekollega av han i Rønvik i Bodø, var så hyggelege å stille opp som turfølgje frå ferjekaia på Horsdal. Vêret var framleis strålande, og med Eivind som kjentmann blei turen ein fest. Utsikten frå toppen er enda meir spektakulær enn eg hadde sett for meg. Ikkje berre er det direkte utsyn til Blix-heimen på Våg og kyrkjestaden på fastlandet, pluss alle øyene i lag på lag utover mot havet i Gildeskål kommune: Femris, Fugløya, Fleina og Arnøyene, og dei mange små Fleinvær-øyene på havkanten som eg aldri før har sett. Dessutan var heile Lofotveggen synleg mot nord og vest, Værøy og Røst inkludert (ikkje i veggen, men i utsikten). Mot aust såg vi Suliskongen med brehatten sin. Heilt på slutten av nedstigninga til havnivå hadde eg eit mindre havari, noko som resulterte i eit par skrubbsår og ein ubetydeleg skulderskade. Slik er det å ha med gamle menn på tur. Sjølve turen viste seg å vere avvekslande og overkommeleg, sjølv om det er eit par bratte parti heilt i starten ved fjorden og heilt på slutten mot toppen.
# lagt inn 16.8.11 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?