<$BlogRSDUrl$>

5.1.04

Aasen i Tromsø 

Eg lever for tida i Kristiania på 1860-talet, etter nokre månader med 1850-talets Tromsø. Men ferdig med Tromsø er eg ikkje. Det skuldast ikkje berre at eg sjølv skriv "Tromsø" i rubrikken for fødestad i offentlege papir, men òg at eg har fleire uløyste spørsmål om Tromsø-tida til Elias Blix. Eg skulle til dømes gjerne visst kvar han budde i åra 1855-59. Men særleg er eg oppteken av den plutselege omvendinga til målsaka, tilsynelatande utan at det var noko miljø for slikt i byen. Eller var det andre Aasen-sympatisørar i byen? Ivar Aasen sjølv var i alle fall i Tromsø ein gong, sommaren 1851:
Endelig kan jeg da fortælle, at den saa længe omtalte Reise til Nordlandene virkelig er fuldført, og jeg kan saaledes skryde af at have varet oppe i det høie Norden lige til Tromsøe, at have talt med Saltværinger, Skolper ( ): Lofotinger), Senjinger og Trumsinger, at have seet Solen staae høit paa Himmelen ved Midnat, og at have tilbragt omtrent en Maaneds Tid under en, saa at sige, stedsevarende Dag.
(Brev til C. R. Unger, 2. august 1851, Brev og dagbøker 1.209; jfr. brev til L. J. Daae 9. august 1851)
Dagboka til Ivar Aasen fortel at Tromsø-opphaldet varte frå 13. til 18. juli 1851:
13. Til Tromsø Kl 5 om Morgenen. Stærk Regn paa Veien. Faaet Huus hos Høker U. Rist. 14. I Tromsø. Talt med Christie, Trosdal, Nielsen o. fl. En Udflugt til Gaarden Tresletten, i Selkab med Christie og flere. Vakkert og meget varmt Veir. 15. Talt med Klokker Bjørke (fra Sdm.), Uhrmager Kvarme og fl. Læst Svenska Folksagor och Äfventyr af Hyltén-Cavallius og Stephens. Eddalæren af F. Magnus[s]en. 16. Søbad. Hos Christie faaet "Æsthetiske Smaablomster". 17. Læsning. Fremdeles stærk Varme (21 Grader i Skyggen). 18. Forberedelse til Hjemreisen. Afsked med Christie og Bjørke. Ombord i "Prinds Gustav" og afreist Kl. 7 om Aftenen. Erindring: Tromsøs Omegn, vakker og vel bebygget; Tisnæs, Balsfjorden, Malangen, Gibostad (Midnat). Godt Veir.
(Brev og dagbøker 3.178)
Her er det nemnt ei rad personar Aasen har hatt kontakt med i Tromsø:
Johan Koren Christie (f. 1814, kjøpmannsson frå Kristiansund) er den enklaste å identifisere. Han var teologisk kandidat, adjunkt ved Middelskolen, redaktør av Tromsø-Tidende, og ein av dei sentrale figurane i miljøet av wergeland-liberale embetsmenn i byen. Hans "Æsthetiske Smaablomster fra ultima Thule" vart trykt som bilag til Tromsø-Tidende. Christie forlet Tromsø i 1855 (Ytreberg 1.337. 436-37).
Nils Peter Trosdahl (f. 1789, lensmannsson frå Lom) var sorenskrivar i Tromsø i åra 1838-53 (Ytreberg 1.530).
Hans Bjerke var klokkar i Lyngen. Han er nemnt som eigar av "flere gårder på Vanna" ca. 1850 i Karlsøy bygdebok. Aasen har sjølv identifisert han i eit brev til broren Jon frå nyttårsaftan 1868:
Jeg takker for Hilsningen fra Hans Bjerke; det er vist den samme som engang var bosat i Lyngen indenfor Tromsøe. Han var tilstede ved et Formandskabsmøde i Tromsøe, da jeg var der i 1851, og ved den Leilighed kom jeg da til at tale med ham. Han er egentlig en Søndmøring og saavidt jeg mindes barnefødt i Jøringfjorden.
(Brev til Jon Aasen 31.12.1868, Brev og dagbøker 2.78)
Å identifisere ein Nielsen er som å finne nåla i høystakken. Utsiktene burde vere betre når det gjeld urmakar Kvarme, men så langt har leitinga vore utan resultat. I ei lang liste over handverkarar i byen nemner Ytreberg urmakarane Ole J. Ørstad, dansken Kofoed og trønderen Ulrich Noch (1.343.345.346), men ingen Kvarme.
Og endeleg, verten til Aasen, Hans Ulrich Rist. Han var kjøpmann og gjestgivar i byen, men hadde lagt ned det meste av geskjeften ved denne tid (Ytreberg 1.227-28).

Men det er ingen ting som tyder på at Aasen-vitjinga i Tromsø har hatt noko å seie for Elias Blix, verken direkte eller indirekte. Han kom til byen to år seinare, og har neppe kjent nokon av dei nemnde personane. Bomtur, altså.

Oppdatering, same ettermiddag: Det hjelper å ha ei mor frå Lyngen. Ein telefon gjev følgjande funn, formidla av far, frå Emil Larssens Lyngen bygdebok 1.112, 127, 216: Hans Bjerke var fødd på Møre i 1797. Han kom til Lyngen i 1825 og var klokkar der i heile 40 år. I ti av desse åra var han jamvel lensmann. Han fekk avskil med pensjon i 1865 og reiste attende til Sunnmøre. Hans Bjerke døydde i 1876, 80 år gammal.

Det vil seie at Bjerke hadde to kollegaer vi etter kvart kjenner godt: Både Ole Johannesen og Carl Johan Nielsen hadde nokre år som lærarar i Lyngen på 1850-talet før dei reiste til Kristiania og starta "Den nordlandske Forening" i lag med Elias Blix.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?